facebook twitter instagram

UIS.no: Studentoppgåver blei sagabok

publisert 15/12/2008

Detailimage

Nokre av studentoppgåvene i historie var så gode at dei blei bok. No er fem bachelor- og masterstudentar ved UiS stolte, nybakte forfattarar!

-- Dette er ikkje noko me forventa i det heile. Eg berre skreiv og leverte ein vanleg oppgåve. Seinare spurde Torgrim Titlestad om lov til å trykke dei opp, men då gjekk eg ut frå at det var snakk om eit kompendium. Først for få veker sida forsto eg at det var snakk om ei bok, seier student Kristian Nesvåg. 


Han og Thomas Ness Eriksen er bachelorstudentar i Vikingtid i Noreg og Europa og tidlig rikssamling? ved Universitetet i Stavanger. Dei tre andre forfattarane, Kristoffer Ranaweera, Lene Bøe og Beate Aasen Bøe, er masterstudentar i sagakunnskap. 


Kvart sitt kapittel 

'Sagaene og jakten på forhistorien' er tittelen på boka, som no er i sal. Studentane har skrive kvart sitt kapittel om viktige emne frå tidleg norsk historie. Lesaren får innblikk både i Harald Hårfagres rikssamling, jakta på Vinland, utvandringa til Island og historiske oppfatningar av Erling Skjalgsson og Olav Haraldsson. 

-- Viss du leser denne boka, er du ganske oppdatert på denne perioden. Eg er glad for at så unge menneske er så interesserte i denne perioden og at dei skriv så godt om det, seier professor Torgrim Titlestad begeistra. 


Unik bok? 

Han har vore vegleiar for dei fem studentane og så vidt han kjenner til, er boka unik. 

-- Eg trur ikkje me har noko liknande om den eldste historia vår, seier Titlestad. 


Opprinnelig artikkel på Universitetet i Stavanger sine nettsider: Studentoppgåver blei sagabok 


Tilbake til nyheter