facebook_round

Stavanger Aftenblad: Fagerskinna: Intervju med Edvard Eikill

publisert 23/11/2007

Detailimage

Oversetteren av Fagerskinna, Edvard Eikill, ga nettopp et intervju til Stavanger Aftenblads Solveig Grødem Sandelson om arbeidet med boken og hans personlige fascinasjon av sagalitteraturen.

PA ARBEIDSROMMET: Mykje ein kan få gjort når ein blir pensjonist, ifolgie Edvard Eikill. For eksempel omsetja gamle segner fra norront til norsk.Snorre sine kongesagaer hadde han lese mange gonger for han var tolv. Nå er Edvard Eikill 77 og har nettopp omsett sogesamlinga «Fagerskinna» til norsk.


Av Solveig Grødem Sandelson



HOBBY: -Eg storkosar meg. Det kan vera godt å animera andre litt, som kanskje ikkje ser fram til å bli pensjonistar. Ein må finna seg ein hobby før ein kjem så langt. Så kan ein få gjort det ein ikkje har kunna gjera før.



NORRØNT: Som for eksempel å læra seg norrønt. Det heiter ikkje gammal­norsk lenger, minner han meg på, for dei snakka språket både i Russland, Sverige, Danmark og Normandie. På Orknøyane og Hebridane, sjølvsagt på Island, og i Skottland og England. 

Men altså, norrønt begynte Eikill A læra seg for ti år sidan. For då blei han pensjonist. 

- Eg var heilt grøn då. Men det er eit språk ein kan læra seg sjølv - uttalen er det jo ikkje så farleg med. Eg har alltid hatt som mål å læra meg det. Du veit, den norrøne litteraturen er heilt formidabel.



FAGERSKINNA: Nå har han like godt omsett sogesamlinga «Fagerskinna» til norsk.

Då Håkon Håkonsson døydde i 1263, blei det lese opp frå ein saga på dødsleiet hans - det reknar ein med var fra Fagerskinna. Den tar for seg kongane fra Halvdan Svarte til Erling Magnusson. 

Den pensjonerte tannlegen har alltid vore interessert i norrøn litteratur og i historie. 

Det er særleg middelaldaren eg er interessert i. Sambandet mellom Norge og Miklagard, altså Konstantinopel. Eg har lese haugevis av stoff om Bysants. Det gjorde meg så interessert at eg to gonger har gått på greskkurs på Misjonshøgskolen. Ikkje at eg kan lesa litteraturen på gresk, eg les på engelsk. Men det gir meg ein betre bakgrunn for å forstå, likevel.



SNORRE: - Sonen din fortel at du las Snorre høgt for dei då dei var små? 

Ja, det gjorde eg nok. Det gjorde far min også. Det er jo edle passasjar der, om heltemot og heltedåd. Eg blir aldri ferdig med Snorre. Han var ein stor forfattar. Men det er passasjar i «Fagerskinna» som kan måla seg med Snorre litterært, slaget ved Svolder, for eksempel.


Det var professor Torgrim Titlestad som bad Eikill omsetja «Fagerskinna». 

- Er du galen, sa eg. Men Titlestad er voldsomt inspirerande, veit du. Eg hadde fuska litt i faget frå før, og omsett nokre av historiene. Blant anna om far til Erling Skjalgsson, Torolv Skjalg. 

Han var litt av ei bølle. Han hadde gjort ein stormannsson til trell, og det endar sørgjeleg - trellen brenn han inne. Torolv Skjalg var ein fæl fyr, og Skjalg heitte han fordi han skjegla. Men det var jo mange fiele typar på den tida.


Det blir ikkje akkurat pakka inn av dei som fortel, heller? 

- Nei, det er nokså blodig. Skaldane overdriv, dei bruker eit veldig språk, det er ikkje måte på kor høgt blodspruten stod.



I FAMILIEN: Eldstesonen har ikkje bare fått kongesoger inn på sengekanten, han er kalla opp etter ein av skaldane til Olav Den Heilage. 

Sa han det? Eg har jo alltid sverma for desse gamle namna. Det er mange som heiter Tormod, men Tormod Kolbrunarskald er den gjævaste. Han fekk ei pil i hjarta i slaget på Stiklestad. Han drog den ut, og sag at det var feitt rundt mothakane. «Godt har Kongen fødd oss», sa han, og så døydde han. Elles var det vel forresten Sigvat Skald som var mest kjend av skaldane til Kong Olav. Men han var på pilegrimsferd til Romerriket akkurat då, og fekk ikkje med seg slaget på Stiklestad. 

Det var vel kanskje like greitt? - ja, det var i grunnen det. Han fekk gjort mykje godt for sonen til Olav, etterpå. 

Har alle barna dine fart namn frå kongesoger? 

- Nei, då son nummer to kom, så passa det jo godt å kalla han Ingolv. For det heitte far min. Og jentene heiter Birgit og Hanne-Ruth. 

«Fagerskinna» kjem på norsk i slutten av månaden.



Tilbake til nyheter