facebook twitter instagram

Stavanger Aftenblad: Felles fortid fram i lyset

publisert 13/12/2006

Detailimage

Under Sovjet-tida var all ikkje-slavisk historie tabu, fortel journalist og historikar Halvor Tjønn. Han har skrive bok om fortida vi har felles med Russland.

Tekst: Solveig Grødem Sandelson 

Foto: Knut S. Vindfallet 


Forstå: - Når ein jobbar som avisjournalist er ein jo veldig tett på dagens hendingar, seier Halvor Tjønn, som mesteparten av nitti-talet var Aftenposten sin korrespondent i Russland. Han er også utdanna historikar, og har akkurat skrive bok om skandinaviske vikingar i Russland. 


Å ha kunnskap om fortida er ein føresetnad for å kunna forstå kva som skjer nå, forklarar han. 

- Difor har eg gått tilbake til begynnelsen på vår felles historie med Russland. 


Kva var begynnelsen? 

- Det var skandinaviske vikingar som la grunnlaget for Russland, på 700-800-talet. Dei bygde opp handelsstaden Staraja Ladoga, ikkje langt frå St. Petersburg, seinare bygde dei også festning, og med det som utgangspunkt strøymde dei austover, på elvar og innsjøar, til Svartehavet og det kaspiske hav. 


NORSKE VIKINGAR:- Då eg gjekk på skulen, lærte vi at det var dei svenske vikingane som reiste austover, mens dei norske reiste vestover. Stemmer ikkje dette? 

- Det gjer det nok, stort sett. Men det var også norske vikingar i Russland. Og svenskane hadde jo ingen Snorre, difor har ikkje dei så mykje dokumentasjon på dette som vi har. 


Tjønn minner om at Olav Tryggvason, sjølvaste urkongen vår, vaks opp i Russland. Han var 18 år då han kom til Norge for å krevja kongedømmet. Olav den heilage reiste til Russland då nordmennene tvang han i eksil. Generasjonen etterpå, Magnus den gode vaks også opp i Russland, og onkel hans, Harald Hardråde levde lenge der. 


TABU:- Kvifor høyrest dette så ukjent ut? 

- Under sovjet-tida så var denne forbindelsen tabu. Det kommunistiske Sovjet var ekstremt nasjonalistisk, det var ikkje plass til noko som ikkje var slavisk,. Og i Norge, på 30-talet, blei historiebøkene i stor grad skrivne av venstresida, dei var marxistar, dei fleste av dei, og det som var tabu i Sovjet, var også tabu for historikarane i Norge. 

- Ein kunne jo tenkt seg at det var motsatt, at dei gjerne ville framheva slektskapet med Russland? 

- Men det var feil slektskap. Difor er denne felles fortida veldig diffus for oss, som for russarane. Historia gjekk i gløymeboka. 


Tjønn legg til at ein nå er mye meir opptatt av middelalderhistoria i Russland, særleg i nordvest. Putin er også opptatt av dette, han har sjølv vore i Staraja Ladoga for å sjå. 


NABOAR:- Men Putin er også tilsynelatande iferd med å lukka seg inne, og mange bekymrar seg alvorleg over ytringsfridomen og menneskerettane sine kår i Russland, kvifor kjem du trekkjande med vikingane nå? - Dei er naboane våre, vi kan ikkje få gjort noko med geografien. Og dei kan vera ein vanskeleg nabo. Vi er eit lite land, men vi er den einaste nabostaten dei ikkje har kriga med, dei veit at vi ikkje kjem som fiendar, det har vi aldri gjort. Ved å avdekkja dei historiske røtene våre der, vil vi også få større vekt. Og for å byggja nye forbindelsar er det viktig å forstå, seier Tjønn.



Tilbake til nyheter