facebook_round

Levande Vikingtid

ISBN: 9788282512046

Ei gamal soge frå vikingtida fortel om ein gøymd skatt ein stad på Island. Er det berre ei soge, eller kan det tenkjast at skatten faktisk finst? Arbeidet med å setje saman leietrådane til kvar skatten skal vere gøymd, er både tidkrevjande og utfordrande. Levande vikingtid tek oss med på ei reise fram og tilbake i tida,der spora frå vikingtida snor seg gjennom hundreåra og heilt inn i vår tid.

Pris: 348,00

Til kassen


Vi tek del i livet til Egil Skallagrimsson, som levde på 900-talet, og vi får sjå kva som eigentleg hende den gongen for over tusen år sidan. På 1200-talet har Snorre Sturlasson gjort ei skjebnesvanger oppdaging heime på garden sin, medan han skriv soga om Egil. Eit brutalt mord i dagens Reykjavik varslar at det er fleire som tek den gamle soga på alvor. Nokon er villig til å drepe for å få vite kvar skatten er ...

Anita Karlson er født i 1974 og oppvaksen i Gursken på Sunnmøre. Ho bur no i Oslo der ho arbeider som omsetjar. Levande vikingtid er hennar fyrste roman.

 
     |  Tilbake til katalogen