facebook_round

Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg

ISBN: 9788202553005

  • Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg ca. 200-1350 presenterer den nye forskinga som har kome om framveksten av høvding- og kongemakt i jernalderen, og om statsutviklinga frå slutten av vikingtida og fram til ca. 1350. Eit sentralt spørsmål er når Noreg vart ein stat, og om vi i det heile teke kan snakke om stat før 1350. Perspektivet er heile tida Noreg sett i lys av ei europeisk utvikling, samstundes som det særnorske får rikeleg plass. 

Pris: 479,00

Til kassen


  • Boka søkjer langt meir enn tidlegare framstillingar å foreine ulike fagtradisjonar, som arkeologi, stadnamnforsking, numismatikk, tradisjonell institusjonshistorie og historisk rettsantropologi. Målet er å gi fleire og ulike svar på kva som skapte politisk makt i romartida, folkevandringstida, vikingtida og mellomalderen. Kvifor har nokre meint at jernalderen og mellomalderen førte med seg sterk politisk maktoppbygging rundt konge og aristokrati, og etter kvart kyrkja, med sterke tendensar til stat? Kvifor har andre i staden skildra kongar på 1200-talet som ikkje mykje mektigare enn andre menn av aristokratiet, i eit samfunn der feidar var spelereglane i politikken?
    Boka er tverrfagleg og er skrive av ein arkeolog og ein historikar i lag, og gir per i dag den mest omfattande oppdateringa av forskinga innanfor eit sentralt tema i norsk historie.

 
     |  Tilbake til katalogen